Onsdag 30. september – 2. kvartfinale BergensCup
Lag:
Rasmussen & Broch
DLA Nordic
Ementor (trakk seg)
Vestleg vind, 2-5 m/s
1. løp – start kl. 1830:
Mykje manøvrering før start. Begge båtar ut for SB halsar med DLA ei båtlengd før i le. Halvvegs opp på kryssen har Rasmussen & Broch kome seg opp på sida og har kontroll. Begge båtane slår på layline og opp emed merket skil det ei båtlengd. Lensen vert tett. DLA kjem bakfra og opp på sida og etter kvart forbi. Rasmussen & Broch freistar å loffe, men mistar lofferetten. Ned mot merket er det ei kvart båtlengds avstand. Rundinga går betre for DLA og dei får eit par båtlengders avstand rett etter bunnmerket. Oppe på kryssmerket er det god avstand, men så stilnar vinden for DLA og farten minskar. Bakfrå kjem Rasmussen & Broch og dei nærmar seg. Forspranget på hundre meter vert til femti, men så stoggar dei óg. I mål er DLA inne på 38 min. 46 sek. medan Rasmussen & Broch går i mål på 39 min. 56 sek.
2. løp – start kl. 1935:
Nytt kryssmerke og kortare bane som er svært skeiv. Etter mykje manøvrering vinn Rasmussen & Broch starten og kjem fyrst ut. Vinden aukar og dreiar attende. Begge båtane står dermed opp kryssmerket for SB halser. Rasmussen & Broch rundar klart fyrst med DLA. På lensen kjem DLA innpå bakfrå med større fart. På den andre kryssen har Rasmussen og Broch tilsynelatande kontroll, men då begge båtane slår på SB layline får DLA eit kjempeløft og klarar å dra seg forbi. Dermed er dei fyrst ut på lensen og kan gå i mål på 27 min. 17. sek medan Ramsussen & Broch kjem inn på 29 min. 14 sek.
3. løp – start kl. 2010:
DLA kjem best ut i starten og har kontroll. På kryssmerket rundar dei fyrst. Løpet vert avkorta etter ein runde. I mål: DLA 25 min. 12 sek. og Rasmussen & Broch på 26 min. 13 sek.
Dagens vinnar vert dermed DLA Nordic.
<< Home