Onsdag 13. september – 2. semifinale BergensCup





Lag:
DLA Nordic
Ementor
Proact
Vind: skiftande frå nord, aust, og nordvest 0-2 m/s.
Løp 1 - start kl. 1755:
Proact går best ut i starten for babord halsar med styrbord bøye. Dei seglar heilt ut på styrbord flanke og har fint driv i båten. Men eit vindskift gjer at DLA Nordic, som var sist over startlinja, kan løfta kraftig og ei tid styra rett mot merket. Også Ementor får same løftet og brått er Proact sist. Rundt kryssmerket er DLA Nordic fyrst, deretter Ementor. På lensen, som er meir ein slørelegg grunna vindskiftet, held stillinga seg. For Proact går det heller seint og dei må gjera eit ekstra slag for å komma rundt bøyen. På lensemerket er framleis DLA Nordic i tet. No vert kryssmerket flytta. DLA Nordic seglar konservativt og held leiinga si også på denne kryssen. Avstanden frå Ementor på andre plass og bak til Proact er vorten stor. Etter kryssmerket går DLA Nordic rett på mållinja medan Ementor vonar på meir vind på babord flanke. Nå må arrangørbåten prioritera målgangen for DLA Nordic og diverre vert ikkje Proact varsla om at kryssleggen er endra. I mål er rekkjefølga som følgjer:
1. DLA Nordic 28 min. 47 sek.
2. Ementor 30 min. 45 sek.
3. Proact DNF (fullførte ikkje innan maksimaltida gjekk ut)
Løp 2 - start kl. 1850:
Svært lite vind pregar dette løpet. Ementor går til styrbord medan DLA Nordic og Proact satsar på babord banehalvdel. Halvvegs på kryssen vert det ein loffeduell mellom dei to sistnemnde der DLA Nordic kjem seg forbi i lo. Inn mot kryssmerket er det likevel Ementor som kjem fyrst. Deretter kan DLA Nordic runda før Proact kjem hakk i hæl. På lensen kjem dei tre båtane sigande nokså jamnt, men rekkefølga vert den same som ved rundinga:
1. Proact 47 min. 35 sek.
2. DLA Nordic 48 min. 53 min.
3. Ementor 51 min. 13 sek.
Vinnar vert dermed DLA Nordic som er klar for laurdagens finale mot NCC.
<< Home