Regattablogg BergensCup: Finale - laurdag 16. september

18.9.06

Finale - laurdag 16. september







Lag:
NCC
DLA Nordic

Vind: vekslande frå søraust-vest 0-2 m/s

1. start kl. 1540:
I starten er DLA Nordic for tidleg over linja og må tilbake og re-starta. NCC går dermed over til ein defensiv strategi og dekkar DLA på heile kryssen. Oppe på kryssmerket rundar NCC nokre båtlengder før DLA. På lensen kjem NCC attende og kjem opp på sida av NCC i le. Nedover mot lensemerket kontrollerar DLA NCC med å styra ein kurs langt til styrbord for styrbord lensemerke. Når begge båtane jibbar er DLA til le og NCC vert tvinga til å runda bak. På kryssen går dei to båtane ulike vegar og når NCC kjem for styrbord halsar har ting snudd seg. No må DLA vika og gå bak. Dermed er det klart for at NCC kan vera den tetbåt opp mot merket.

På kryssmerkerundinga skil det ikkje meir enn eit par meter mellom hekken til NCC og baugen til DLA. NCC går mot styrbord banehalvdel og DLA har ei stund overlapp, ei stund ikkje. I det dei to båtane nærmar seg ein kai er overlappen broten og NCC får dermed vikeplikt som gjentakande båt. Dermed kan NCC tvinga DLA til å måtte slå i staden for å kunne kreva plass for land. Med berre ein halv lens att av løpet kan det sjå ut som om dette løpet er avgjort. Men DLA får vind og kjem igjen for tredje gong! Dei tek igjen NCC og klarar å utnytta større fart til å køyra over NCC i lo berre hundre meter før mål. Ei stund ser det ut til at det skal verta fotofinish, men med DLA sin større fart vert det til slutt 14 sekunds avstand mellom båtane.
DLA Nordic 37 min. 14 sek.
NCC 37 min. 26. sek.

Det andre løpet startar kl. 1625, men vert til slutt annulert grunna for ujamne vindtilhøve. I starten vert NCC pressa utanfor og må i tilegg gjera ei straffevending då dei lagar vanskar for DLA. Då løpet vert annullert leiar DLA Nordic ganske klart. Diverre er det ikkje vind til å få i stand ein ny start. Dermed vert det DLA Nordic som stikk av med sigeren i årets BergensCup.

Regattasjefen gratulerer!

Fleire bilete finn du her.